Overnatting

Fausko har store og små gjestehus som både kan vera sjølvstendige bueiningar og eit samla bumiljø under større arrangement

Autentisk gardsmiljø og tømmerhus med
atmosfære og historisk sus. Tilsaman 80
sengeplassar fordelt på 27 rom

Hallingstugu

"Hotell" med hytteatmosfære

Hallingstugu

Hallingstugu er eit lafta gjestehus frå 1998. Stor peisestugu
med langbord, kjøkken, og 34 sengeplassar, 11 gjesterom  – alle med bad.

Kapasitet:

Sjå meir fra Hallingstugu:

Interessert i historien til Hallingstugu?

Skysstasjon

Gjestegard i sveitserstil frå 1870

Skysstasjon

Den gamle Skysstasjonen er utgangspunktet for den lange
gjestegardhistoria på Fausko. Bygningen kan brukast som
eit stort utleigehus, men kan også delast opp i to fine
leiligheiter. Samla inn til 20 sengeplassar. Gildehallen i 2
etasje er ein stemningfull stad for mindre arrangement.

Kapasitet:

6 rom og 3 små sovehemsar. Uteplass med peis, grill, vedfyrte badestampar. Skysstasjonen kan delast opp i 2 leiligheiter:

Sjå meir fra Skysstasjonen:

Interessert i historien til Skysstasjonen?

Kornmagasinet

Frå kornmagasin til stabbur til gjestehus

Kornmagasinet

Kornmagasinet frå 1700 talet har 90 m2 bruksareal,
fordelt på to plan. Tre soverom og tre bad. Stugu og
kjøken. Samla inn til 12 sengeplassar.

Kapasitet:

I fyrste høgda er eit romsleg innbygd sval, to store soverom og to bad. To store køyesenger med fire til seks sengeplassar i kvart rom.

I andre høgda er to stover med flotte langbord og eit lite kjøkken. Ved behov kan det største loftsrommet nyttast som sovesal med inn til fire senger. Totalt inn til 12 sengeplassar.

Sjå meir fra Kornmagasinet:

Interessert i historien til Kornmagasinet?

Stabbur

Beliggenheit ved gardens kjøkkenhage

Stabbur og brudebur

I utgangspunktet er dette to små stabbur er bygde saman og kan fungere som ei lita hytte eller som tre enkeltrom m/bad med kvar sin inngang.. Det eine av desse er sjølvaste brudeburet!

Stabburet har eit samla areal på ca 40 m2. Flott og solrik
uteplass ved gardens kjøkkenhage.

Kapasitet:

Den venstre delen har kjøkken og spisebord, sovehems og eit eige soverom. Plass for fire personar.

Den høgre delen er brudeburet med himmelseng og ekstra stort bad. Plass for to personar (brudeparet).

Mellomstabburet er eit bitte lite rom med køyeseng og bad. Plass for ein til to personar.

Sjå meir fra Stabburet:

Interessert i historien til Stabburet?

Send forespørsel

Ta kontakt med oss for eit tilbod til ditt arrangement.

Scroll to Top