Kornmagasinet på Fausko er ein historisk viktig bygning i Hemsedal
Historie
Kornmagasinet er frå 1700 talet. Bygningen var opphaveleg kornmagasin for heile Hemsedal, med lager av såkorn og matmjøl. Opphaveleg sto bygningen ved sida av stavkyrkja i Hemsedal på Kyrkjebøen, i sentrum i bygda. Tidleg på 1800 talet vart kornmagasindrifta avvikla, bygningen var seld og har etter det vore brukt som stabbur på Fausko. I 2010 vart bygget sett i stand som gjestehus.
I dag
Kornmagasinet frå 1700 talet har 90 m2 bruksareal, fordelt på to plan. Tre soverom og tre bad. Stugu og kjøken. Samla inn til 12 sengeplassar.
Send forespørsel
Ta kontakt med oss for eit tilbod til ditt arrangement.