Fausko gard

Fjellgard og gjestegard

Namnet Fausko

Namnet Fausko kjem av «fausk» – adjektiv frå gamalnorsk – som tyder morken eller halvroten. Ordet beskriv tilstanden på grove furustokkar som hadde sige ned i djup myrjord og ligge der i anaerob tilstand gjennom tusenvis av år. På Fausko, lik andre gardar og stader, som har det same namneopphavet, kom stokkane opp i dagen då myrane vart drenerte og jorda vart dyrka. Fausko er lokale uttalemåten i dativ fleirtal.

Meir om eigedommen Fausko, gardsnummer 82, bruksnummer 1.

Fausko er ein økologisk driven fjellgard ved Tuv i Hemsedal 660 moh. Fausko har 130 da dyrka jord, 950 da blandingsskog og 450 da med annan privat eigedom. Garden har andel i 55000 da private fjelleigedommar i sameige med fire andre gardsbruk. Dette er i områda Grøndalen, Fjellstølane, Hølstein, Harahødn, Vavatn, Vabuleino, Ranastøngi og Hydalen. Fjellområda ligg mellom 900 og 1900 moh  i grense med Valdres.  I fjella er det ei mengde kulturminne frå fangstliv og jegerkultur attende til steinalderen. Store delar av fjelleigedommane er i dag verna natur, herunder Hydalen Landskapsvernområde, som vart oppretta ved kongelig resolusjon i 1989.
Fra gammel tid var det fire stølar i drift på Fausko:
– Muren, 710 moh. Heimstøl til Fausko 3,5 km fra Fausko retning Grøndalen.
– Fjellstølen, 1000 moh, beliggande opp mot Vavatn og Harahødn.
– Vabuleino, 1130 moh, beliggande innerst i Vavatn, ved foten av Ranastongi.
– Nord-Hydalen, 920 moh, beliggende ved sida av Nord-Hydalsvannet.

Opphav frå mellomalderen

Fausko har opphav opphav frå mellomaldersk tid. Tidleg på 1800 talet vandra folket ut til Amerika og slektene døydde ut. Det var då to Fauskogardar og fleire små bruk og husmannsplassar som var kjøpte opp av handelskaren Ingvar Venåsen, fyrste eigaren av garden i slekta til noverande eigarar på Fausko.

Gjestegard og Skysstasjon

Det var handelsfolk og foretaksomme folk på Fausko. Sonen til Ingvar, Ole Fauske, utvikla Fausko til eit senter i bygda med landhandel, poststasjon, hestestasjon, hotell og skysstasjonsdrift.. ved sida av vanleg gardsdrift. Dette var ei storheitstid i gardens historie. Men etter opninga av Bergensbanen i 1909 og ei gradvis utvikling av bilvegar vart det endringar. Hotelldrifta held likevel fram til  det ein dag kom meir ubedne gjester med tyske soldatar som tok hotellbygningen til forlegning i nokre av krigsåra under andre verdenskrig.

Nyare tid

Etter krigen var  husdyrdrift med mjølk og kjøtproduksjon levevegen på garden, i kombinasjon med noko turisme og servicenæring. I 1990 starta familien med renoveringa av den gamle skysstasjonen, som då var prega av sterkt forfall. Her starta ein ny epoke i gardens historie. I dag er Fausko ein innhaldsrik gjestegard og eit kulturmøte i vid forstand, der kulturarven og historia er foredla til nytt levebrød med spanande opplevingstilbod. Fausko er i dag ein prisbelønna gjestegard og innehavar av kvalitetsstempelet «Olavsrosa» frå stiftinga Norsk Kulturarv.

Husdyrhaldet på Fausko vart avvikla i 2006 og den dyrka jorda blir i dag leigd ut. Stølsbuene  blir nytta til utleigeverksemd. På Muren er det også ei moderne utleigehytte. Utmarksressursane med reindrift, beitehald, fiske og jakt blir aktivt nytta. Granskogen og fjellbjørkeskogen blir nytta til å produsere byggematerialar, ved og bioenergi som held bygningane på gjestegarden med varme.

© Levert av Hallingdølen AS