Personvernerklæring
Erklæringa inneheld informasjon som du har krav på når det blir samla inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18 1. ledd).
Fausko Skysstasjon AS, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar.
Vår databehandlar på denne nettstaden er:
Mediebruket AS, Førde, org.nr.: 994 57 6240.
Vårt førmål med behandling av personopplysninger er persondata som trengs for booking av arrangement, overnatting og kulturarrangement på Fausko, samt å gjera brukaropplevinga betre for deg. Nettstaden hugsar innstillingane dine, kva sider du har besøkt, innlogging og eventuelle brukarnamn og andre opplysningar som du har lagt inn, og vil at nettsida skal hugse dette slik at du slepp å skrive dette inn for kvar gong.
Vi brukar ikkje informasjonskapslar for å sjå kva nettsider du besøker etter at du har vore på nettsidene våre. Vi lagrar heller ikkje informasjon som gjer at vi kan identifisere deg som person.
Det er frivillig for deg som besøker nettsidene å oppgje personopplysningar i samband med tenester, til dømes å motta nyheitsbrev eller å fylle ut og sende inn skjema.
Viss du besøker denne nettstaden så samlar vi likevel inn opplysningar om besøket gjennom verktøyet Google Analytics. Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstadane. Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøker ulike sider på nettstaden, kor lenge besøket varar, kva nettstadar brukarane kjem frå og kva nettlesarar som vert nytta.
På Facebook nyttar vi Facebook Pixel Code.
Personopplysningar:
Vi henter inn namn, adresse, epost og telefonnummer i samband med bookingar. Betaling med Vipps skjer direkte og blir lagra direkte hjå Vipps. Vi lagrer heller ikke kortdata. Vi utleverer ikkje personlege opplysninger til våre leverandører. Om du ynskjer å motta vårt nyheitsbrev, blir epostadressa di lagt inn i våre lister.
Rettigheiter:
Du har rett til å bli sletta som kunde og fjerna fra vårt nyheitsbrev. Du har rett til å få ei liste over dine tidligere bookingar og kva for kontaktinformasjonar du har hjå oss.