“Då dei la ned sin ferdastav tok nye krefter fatt”
I januar 2025 tok Knuts dotter, Margit Fausko, over garden saman med mannen, Teodor Aagaard, og utgjer med det sjette generasjonsledd på Fausko. Med seg har ho barndomsminne med allsidig, økologisk husdyrhald og planteproduksjon på garden, og eit sterkt engasjement for å igjen sette dette i sentrum av gardslivet.
I åra som kjem kan du vente at Fausko startar lokalt sal av grønnsaker, bær, egg, kjøt og kanskje mjølk, mjølkeprodukt korn og kornprodukt, og at garden på ulike måtar vil opne seg som arena for dei som har lyst til å ta del i og lære av den livsviktige matproduksjonen me alle avheng av.
Det er triveleg og meiningsfullt å ha ulike husdyr og planteproduksjonar – og ein gardbrukars privilegium å produsere slik ho meiner det bør bli produsert. Ikkje desto mindre er lokalberedskap i ei uroleg tid og solidaritet i ei stadig meir svolten verd viktige motivasjonar for å produsere det som er mogleg med gardens eigne ressursar.