Arrangement
Fausko er ein innhaldsrik og allsidig arrangementsgard. Ein annleis møtestad med atmosfære av generasjonars arbeid og erfaringar som er sette inn i ei ny tid.
Fausko er ein gjestegard med historsisk sus og ein av dei eldste gjestegardane i Hemsedal. Fausko er opptatt av å vidareføre historie og tradisjonar, og er slik ei flott ramme for ethvert arrangement.
Hovudbygingen på garden vart bygd i 1870 for hotelldrift og skysstasjonsdrift for postgangen og reisande mellom aust og vest. Bygningen er eit landemerke i Hemsedal og er verneverdig både på kulturhistorisk og arkitektonisk grunnlag.
Fausko er medlem i Stiftelsen Norsk Kulturarv og innehavar av kvalitetsmerket Olavsrosa.