Programslepp Fauskival 2019

Velkomen til nytt programslepp på Fauskolåven laurdag 10 november kl 19.00!

Gode musikkvener. Konsertopplevingane på Fauskivalen 2018 med Harlem Gospel Singers og Janove vart høgdepunkt i Fauskivalenhistoria. No er me i gang att, det er berre å seta av helga 8 – 11 august 2019 og glede seg. Me kan røpe at endeleg er Delillos på plakaten. Og me kan røpe litt meir. Det blir urframføring av bestillingsverk frå Hemsedal eigen komponist og verdensmusikar Erik Wøllo, saman med store amerikanske musikarar.

Program på Låven.
19.00: Dørane opnar
19.30: Film og bilder frå Fauskivalen 2018
20.00: Buffet med varm mat og smak av årets rakørret.
20.30: Program Fauskivalen 2019
21.00: Erik Wøllo held minikonsert og fortel om plan for bestillingsverk
21.30: Konsert med Rubber & Soul, akustisk blues og soulband frå Nesbyen.

Inngang inkl mat, kr 250.
Påmelding til knut@fausko.no/93001320
Velkomen!