Ola & Knut Fausko, folkemusikk frå Hemsedal – Huldrehatten
Huldrehatten, utgjeve av Fausko Skysstasjon AS i 1997, er ei vandring i landskap og historie frå Hemsedal med slåttespel på hardingfele, skjemteviser, stev, kulokk, sagn om haugafolket på stølen, sagnet om den fredlause Hydalskallen og historia om Fanitullen.
Ola Fauske fortel, syng og deklamerer. Knut Fausko spelar slåttespel på hardingfele. Samt gode musikalske bidrag frå Birger Liahagen, Knut Hjelmen og Erik Wøllo, sistnemnte også som produsent.
Huldrehatten symboliserer møtet med det mytiske i den gamle folketrua.. Huldrehatten opna ei ny verd for Hyddalskallen, det umoglege vart mogeleg.. han kunne gjera seg usynleg.. For ein fredlaus måtte det ha vore som å få att fridommen.