Ola Fauske – Livet ved landevegen

Ola Fauske (f.1921) har auga for å sjå det store i det vesle. Han har vore ein eminent forteljar og formidlar historia frå det kvardagslege folkelivet. Her er historia om Kongevegen gjennom Hemsedal, skildringar frå oppveksten og livet på Skysstasjonen på Fausko, og morosame forteljingar om turisttrafikken i gamle dagar.

Ein eigen bolk med småhistorier om taterar i bygda, som medmenneske, set den gamle historia i perspektiv. Segner om troll, haugafolk og fredlause har støtt hatt plass i Ola Fauske sitt fantasilandskap, og boka avsluttar i dette landskapet med historia om Hydalskallen.

  • Price: Kr 200,00 Quantity:
  • Kr 0,00
  • MasterCard
    Visa