Ola Fauske – det hende so mangt

Dette er ei bok med små forteljingar frå 1920 og 1930 talet, koselege forteljingar frå kvardagsliv i barne og ungdomsår, juleforteljingar og stølsliv m.m. Forteljingar frå ei svunnen tid.

Fausko Skysstasjon AS gjev ut boka ”det hende so mangt” i høve Ola Fauskes nær foreståande 90 årsdag, og som ei markering av mottakinga av kongens fortenestemedalje, med audiens hjå kongen i 2010. Med Ola si sterke interesse for folkeliv, kulturliv, gards og bygde historie, har han gjennom eit langt liv engasjert seg for å ta vare på kulturarven og bygdehistoria. Det finst soleis eit stort tilfang av tekstmanus og forteljarstoff som er innlese på band. Planen er å tematisere stoffet for fleire bokutgjevingar i åra framover, både segn, historier og forteljingar, samt meir dokumentarisk og historisk stoff. Fausko Skysstasjon, 15.november 2011
Knut Fausko, stasjonshaldar.

  • Pris: Kr 198,00 Antall:
  • Kr 0,00
  • MasterCard
    Visa