Mat & drikke
Lokal mat for globale ganar
Lokal mat for globale ganar
Opplev historie og forteljing gjennom måltidsopplevingar på gjestegardens matscener: Festmiddag på Låven eller i Gildehallen. Lokale matspesialitetar av kjøt, fisk og ost i Årestugu eller Kornmagasinet. Tradisjonell stølsmat på Fauskostølen i Vabuleino. Uansett – alltid mat frå botnen, av dei beste råvarene frå fjellheimen.
Velkomen til gards!
Festmiddagen på Låven er ein rustikk, tallerkenanretta meny. Alt blir tilberedt frå botnen og med kortreiste råvarer når det er mogeleg. Du får ei oppleving av kvalitet og ‘nokk mat’.
Servert med ovnssteikt potet og grønt frå årstida
På Fausko Skysstasjon er me stolte av våre lokale mattradisjonar. Hallingkost – maten og matkulturen frå Hallingdal – som vart servert før ‘kjøpematen’ var ein del av kvardagen. Men matkultur blir også skapt i dag. Difor ser me også framover og skapar nye produkt basert på god, gammal kunnskap. Nye kombinasjonar gir nye smakar og opplevingar og blir til ‘lokal mat for globale ganar’.
Når folk før i tida gjekk til «støls» var det for å arbeide. Gjerne lange dagar og veker i strekk. Då var det avgjerande at maten var smakfull og næringsrik.
Elgkarbonader med potetsalat
Om du er vegetar, veganer eller har kostallergi, kan du trygt nyte maten på Fausko gjestegard. Vi tar vi hand om dine behov og lagar god mat til alle.
Etter ei festleg natt, treng magen ein god frokost. På Fausko serverer me ein skikkeleg frokostbuffet i det hyggelege Blåkjøkkenet på Skysstasjonen.
Fausko Gjestegard
Med mange års erfaringar med ulike typer store og små arrangement kan Fausko tilby løysingar alt frå sjølhushald til full pensjon.
Kontakt
Telefon: 32 05 51 00
Epost: post@fausko.no
Web: www.fausko.no