Haustjobb 2021!
Er du vår ny haustmedarbeidar?
Vanlegvis er sommaren høgsesong for bryllup på Fausko Gjestegard. Men dette året har koronabegrensingane skuvd sesongen ut nokon månadar. Det ser no ut til å gå mot ein verkeleg travel haust, etter at våre vanlege sommarmedarbeidarar har reist. Er du interessert i jobb i ein eller fleire av haustmånedane kan me derfor tilby fleire interessante stillingar i eit hyggeleg og travelt gards- og fjellmiljø.
På Fausko jobbar me med arrangement som bryllup, bursdagar, familietreff, julebord, konferansar for alt frå små grupper på 10 personar til store grupper på opp mot 150. Gjestene er her for det meste frå fredag til sundag og skal som oftast ha ei innhaldsrik pakke av opphald og sørvis.
Fausko driv og den årlege musikkfestivalen Fauskivalen, som i år blir avvikla 13.-15. august.
Fausko har ein omfattande bygningsmasse og utearal, som må passast og stellast. Samtidig driv me med grønsaker og bærdyrking i småskala og me har og nokon sau og høner. Me driv eigen produksjon av bakst, sylting, spekemat, fiskeforedling og ølbrygging. Og me jobbar heile tida med å utvikle vår kompetanse og heve standarden.
Som tilsett på Fausko må du vera innstilt på å samarbeide med ulike fag – og også vera villig til å påta deg arbeid utanom ditt eige fagområde. Me er avhengige av kvarandre og å lyfte i flokk. Det er derfor viktig at du både kan arbeide sjølvstendig og i team.
Fausko Gjestegard er eit møte med kulturarv, bygdetradisjonar og økologisk verdigrunnlag. Me legg vekt på å dele våre verdiar med gjestene, og ynskjer at du som medarbeidar også er bærar av våre verdiar. I tillegg til å vera interessert, ansvarsfull, sjølvstendig, fleksibel, flittig og utviklingsorientert.
Housekeeper/frokostvert:
For stillinga som housekeeper vil arbeidsoppgåvene bestå av vask og støvsuging av hus og rom før og etter arrangement, pålegging og avtaking av sengetøy, periodevis grundigare vask, ordne med vasketøy (ikkje sengetøy) og stryke.
Bistå med frokostservering sundag morgon/formiddag, evt. andre dagar.
Andre oppgåver kan vera å hjelpe til med borddekking og servering.
Tilsettinga er tidsbegrensa i 3 mnd. (1.8 til 30.10) med gjennomsnittleg 37 timar pr. veke, samt med muligheit for forlenging. Arbeidstida vil hovudsakleg vera på dagtid, men søkjar må vera fleksibel på arbeidstida, då oppgåvene kan vera meir hektiske til tider. Vår housekeeper må vera veldig god på vask/reinhald, ha auga for detaljane og forstå Fausko sin stil og stemning.
Stillinga kan evt. delast og køyrast som turnus.
Kokk:
På Fausko serverer me solid mat laga frå botnen og alltid med gode og friske råvarer. Ein del dyrkar me sjølve og ein del kjem frå lokale leverandørar. Me er opptatt av å ta vare på gamle og lokale mattradisjonar, og har eigen produksjon av bakst, sylting, spekemat, røykt fisk, rakfisk, øl m.m. Me tilllet oss likevel å bli inspirert av verdens mange gode smakar i vårt konsept: «Lokal mat for globale ganar». Samtidig er me og opptatt av ernæring og helse, og tilbyr gjerne våre gjester menyar med spesielle mathensyn og ønsker.
Oppgåver:
Utarbeide produksjonsplan for komande arrangement
Produsere menyar til heile helga, samt rydding/vask av kjøkken
Hjelpe med levering/servering av maten/måltida til dei forskjellige lokasjonar på Fausko
Bistå ved servering fredag/laurdag
Bistå med frokostførebuingar
Ut over dette forventar me at vår kokk har lyst til å jobbe med utvikling og kvalitetsforbedring. Kokken må ha interesse for og (helst) ha erfaring i lokal matkultur og historie og i tillegg vera opptatt av sunn og næringsrik mat.
Kokken på Fausko arbeidar kvar veke frå onsdag til laurdag, og må vera fleksibel på arbeidstidene. Stillinga er tidsavgrensa 3 måneder (01.8 – 30.10)
Servitør med ansvar:
Som servitørar nyttar Fausko for det meste lokale ungdommar, men me har og behov for ein servitør over 18 år med ansvar og overblikk på våre arrangement. Denne person må vera innstilt på å jobbe laurdag kveld og natt. Servitøransvarleg må vera sørvisinnstilt og naturlig vennleg og imøtekomande i møtet med gjestene, og kunne mestre å vera løysingsorientert og bidra til å halde god stemning – også når det er litt stressande.
Oppgåver for den servitøransvarlege:
Kontakt med toastmaster/brudepar + ansvarlig leiar (Knut/Jeanette)
Overblikk og kontroll med festprogrammet og instruks/vegleiing av ungdommar
Leie og fordele arrangementets arbeidsoppgåver og sjølv delta
Ansvar for klargjering av bar, bardrift + instruks til andre medhjelparar over 18 år
Lukking av bar, rydding og lukking av selskapslokale (Låven)
Kassetelling og oppgjer
Stillinga er tidsbegrensa i 3 månadar (01.8 – 30.10). Arbeidstida vil typisk vera laurdag kveld og natt til arrangementet er slutt. Stillinga kan evt. delast, så ein evt. kan ha fri annkvar laurdag.
Ekstra oppgåver kan vera å hjelpe til på produksjonskjøkkenet onsdag-fredag, evt. housekeeping.
Servitørar:
Me treng flinke og flittige ungdommar, som kan hjelpe oss med servering til arrangementa på Låven. Du må kunne «løpe» litt raskt og like ein travel kveld med hyggelege festgjester. Du må vera innstilt på å jobbe minimum annankvar helg gjennom hausten, og gjerne meir. Du må være positivt innstilt og klar for å gje gjestene god sørvis.
Oppgåver:
Møtast til felles gjennomgang av arrangementet og fordele arbeidsoppgåvene med klargjøring
Vera klar til mottakking av gjestene ved ankomst
Er du over 18 år, kan det vera behov vinskjenking og hjelp i bar
Servering – tallerkenservering eller buffetservering
Trimning av bord: Påfyll av vatn, fjerne tomgods, rydde brukt service
Oppvask og service på plass
Rydding etter middag, kjeldesortering, søppel til Miljøbua + rydding av kjøkken etter festen, Vask av oppvaskmaskiner, bring utstyr i retur til prod.kjøkken
Min alder: 15 år
Vaktmester/snekker/handy alt-mogeleg-mann:
Fausko har ein omfattande bygningsmasse og uteareal, og derfor ein god del vedlikehald både ute og inne. Me treng ein som kan hjelpe oss med det. Den person me søker må vera sjølvstendig og i stand til planlegge/utføre diverse vedlikehald av både stort og smått. Du må være systematisk og ha ordenssans, og trivast med både å jobbe aleine og saman med andre. Du må og forstå verdiane som Fausko bygger på.
Andre oppgåver kan vera evt. å delta på diverse byggeprosjekt på Fausko.
Utdanning/erfaring som tømrer/snekker er nødvendig. Du må ha førarkort, gjerne også traktorførarkort.
Løn og arbeidsvilkår følgjer overenskomst mellom NHO Reiseliv og LO/Fellesforbundet.
Ser du deg sjølv i nokon av disse stillingane, er du velkommen til å sende ein søknad til oss. Ring gjerne for mere info.
Jeanette@fausko.no / 947963668

Terasse og badestamp