Fauskivalen 2020
Fauskivalen 2020 – eit mellomår.
Fauskivalen er historie! Etter Fauskivalen i 2019 beslutta me på Fausko at nok er nok. Me er stolte av å ha gjennomført ti fine musikkfestivalar.
Om festivalen skal leva vidare krevst det ei ny organisering og drift i ny regi. Fauskivalen 2020 blir eit mellomår i samarbeid med kulturskulen i Hemsedal, Hemsedal sokneråd og Fausko gjestegard. Det blir Ung i Fauskivalen fredag kveld, musikkmesse sundag, og konsertar og folkefest på Amfiet laurdag.
Frå mars 2020 deltek heile samfunnet i dugnaden for avgrensing av koronapandemien. Men det må vera lov å drøyme om sommar og glade tider, og at det skal vera mogeleg å møtast til ein hyggeleg musikkfest på Fauskivalen 2020. Det fortener alle.
Stein Torleif Bjella toppar programmet.
Fram til juni held me på plan A og satsar på at plateaktuelle Stein Torleif Bjella m/band er klar for scenen på Fausko Amfi laurdag 8. august. Med forbehald om at situasjonen elles vil tillate det. Dette blir Bjella sin hovudkonsert på «heimebane» i år. Meir spanande program er under planlegging og vil bli lansert seinare.
Velkomen til konsertar og underhaldning på Fausko
Send oss en forespørsel, eller kontakt oss her.