Fornybar energi på Fausko
Bioenergi:
Fausko har vore økologisk gard sidan 1980 talet. Hausten 2018 vart gardens flisfyringsanlegg utvida for betydeleg større kapasitet for oppvarming og varmtvatnforbruk på heile bygningsmassen på gjestegarden, herunder også Låven.
Solenergi:
I tillegg er tak- og veggflater på reidskapshuset nytta for produksjon av solenergi. På eine halvdelen av takflata er det montert solcelleanlegg for straumproduksjon. På den andre halvdelen, samt noko veggflater, er det montert solfangeranlegg som vil redusere behovet for flisfyring i sommarhalvåret.
Med desse tiltaka er det vårt mål at om lag 90 % av samla energibehov på Fausko blir dekka av eigenprodusert fornybar energi.