Fausko gard
Fjellgard og gjestegard
Namnet Fausko kjem av “fausk” – adjektiv frå gamalnorsk – som tyder morken eller halvroten. Ordet beskriv tilstanden på grove furustokkar som hadde sige ned i djup myrjord og ligge der i anaerob tilstand gjennom tusenvis av år. På Fausko, lik andre gardar og stader, som har det same namneopphavet, kom stokkane opp i dagen då myrane vart drenerte og jorda vart dyrka. Fausko er lokale uttalemåten i dativ fleirtal.
Fausko er ein økologisk driven fjellgard ved Tuv i Hemsedal 660 moh. Fausko har 130 da dyrka jord, 950 da blandingsskog og 450 da med annan privat eigedom. Garden har andel i 55000 da private fjelleigedommar i sameige med fire andre gardsbruk. Dette er i områda Grøndalen, Fjellstølane, Hølstein, Harahødn, Vavatn, Vabuleino, Ranastøngi og Hydalen. Fjellområda ligg mellom 900 og 1900 moh i grense med Valdres. I fjella er det ei mengde kulturminne frå fangstliv og jegerkultur attende til steinalderen. Store delar av fjelleigedommane er i dag verna natur, herunder Hydalen Landskapsvernområde, som vart oppretta ved kongelig resolusjon i 1989.
Fra gammel tid var det fire stølar i drift på Fausko:
– Muren, 710 moh. Heimstøl til Fausko 3,5 km fra Fausko retning Grøndalen.
– Fjellstølen, 1000 moh, beliggande opp mot Vavatn og Harahødn.
– Vabuleino, 1130 moh, beliggande innerst i Vavatn, ved foten av Ranastongi.
– Nord-Hydalen, 920 moh, beliggende ved sida av Nord-Hydalsvannet.