Fausko på Internationale Grüne Woche 2019
Fausko gjestegard deltar på Grüne Woche 2019
Me er plukka ut til å vera ein av Fjellnorge sine representantar når Internasjonale Grüne Woche den 18.-27. januar arrangerar den 84. mat- og landbruksmessa i Berlin.
Grüne Woche i Berlin er ei av verdas største forbrukarmesser for landbruk, mat og reiseliv. Landbruks- og matdepartementet står bak den norske deltakinga saman med Innovasjon Norge og Norges ambassade i Berlin. Den norske deltakinga på Grüne Woche er eit ledd i å bygge opp og å styrke omdømmet for Norge som mat- og reiselivsnasjon. Målet er å stimulere til samarbeid og nyskaping på tvers av geografiske grenser og næringsgrenser.
Fjellnorge har sin eigen stand i ‘Norgestanden’. Og her skal Jeanette fra Fausko dels lage mat, dels reklamere for Fjellnorges mattradisjonar og lokale råvarer, samt innimellom også reklamere litt for Fausko som tradisjonsrik kultur-gjestegard.